PERSONLIG SIGNERTE BØKER KAN HA CA. EN UKES BEHANDLINGSTID.

Arendal, 1885. Seglskutene lossar varer i hamna. Krystallysekronene er blankpussa. Borgarskapet gler seg til det årlege maskeradeballet.

Den rike arvingen Axel Herlofson har bygd eit imperium som banksjef og skipsreiar og eig halvparten av verksemdene i byen. For folk i Arendal er han vegen til velstand. Hangen hans til opium, gambling og yngre menn er ikkje like kjend.

Den unge revisoren Thomas Berntzen sit på banksjefens nabokontor og er heilt i hans vald. Når han finn feil i rekneskapen, er han redd for å miste både jobben og den store kjærleiken. Den einaste han kan dele uroa si med, er Agnes Mercier. Den elegante kvinna frå Paris driv kjolesalongen i byen, men skjuler både den skandaløse fortida si og Axels løyndommar. Så byrjar nettet å rakne.

Gamle ideal fell for nye idear. Dei beste familiane viser seg å vere dei verste, og ingen veit sanninga om kvarandre. Krakk er ein storslått roman om kjærleik, svik og klassekamp, basert på den verkelege historia om svindelen som endra Noreg.