Staren Sindre og venene hans vil overvintra i Båtvika ¿ for no er jo
vintrane så milde. Men snart er kampen i gong for å overleva.

Vinteren råkar heile bygda, vår tids klima-uro kjem også nærare.
Godt hjelpt av ein moderne miljø-forkjempar som slår seg til.

Nyesjefen i lokalavisa bidreg også, på sin måte.
For han vil ha laksedirektøren med på ein dristig plan.

Men så dukkar største kunden opp, frå Japan.
Han som er meir interessert i fuglar enn fisk.
Og kvar står ordføraren og skuleborna?

Er Båtvika si framtid at gravemaskinene durar og grev?
Eller har alle det bra når fuglane har det bra?

Kva er det Sindre har funne på i vinter ¿ som avgjer alt i siste sekund?