Varm, morosam og dramatisk forteljing frå Elen Betanzo!

Den nye naboguten til Tale er eit fyrverkeri. Han kallar seg Becker, og han fjasar og syng og insisterer på at dei to, Tale og Becker, dei skal bli bestevenner.

Tale liker eigentleg best å vere aleine og blir heilt ør av alt maset. Men det er litt fint med en ein ven også, ein som tvingar ho ut av skalet hennar.

Samtidig høyrer Tale rare lyder fra leilegheita der Becker og familien bor. Har de en hund som herjar der inne? Spøker det i blokka? Og kvifor fortel Becker ting som ikkje er sant om foreldra sine, at moren jobbar som modell og at faren er sjef for BMW?

Det einaste Tale er sikker på, er at det er noko som ikkje stemmer heilt der inne i naboleilegheita.

Dette er ei historie om vennskap, mot og maskane vi tek på oss når ting er for vanskelege … og om stjernebilde i taket og mjuke små dverghamsterar i handa.