Tredje bok om Bea!
- Eg blei kidnappa, kviskrar ho.
- Kidnappa? spør eg.
Oda nikkar.
- Da eg var lita. Eg hugsar det ikkje. Men eg veit det no.
Oda fortel at ho blei kidnappa då ho var lita. Det er derfor ho ikkje liknar foreldra sine. Bea lover å halde på løyndommen, men ho er også nysgjerrig. For kven er dei eigentlege foreldra til Oda? Og kor er dei?
Kidnappa er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.