Frå covidtida i 2020-åra peikar spor attende til okkupasjonsåra 1940-45. <br/>Unge menneske vart frårøva dei frie åra da ungdom skal falde seg ut gjennom knoppskyting og bloming. Mange sleit livet ut med tronge grenser og angst for å bryte tabu. Er vi alltid under oppsikt? <br/> <br/>I skuggen av koronapandemien 2020-22 har fridomen unge menneske naturleg finn seg, vore stengd - ja, heimeskule, forbod mot leik og krav om einsemd, har på eit vis vore vel så strengt som i krigsåra. Det usynlege har vore fienden. <br/>Ola Jonsmoen har levd gjennom begge trengselstidene. Tapte leveår er ei felles oppleving for barn og unge no og dei besteforeldra som enno minnes dei stolne åra på 1940-talet. Mange er skadde.