Klassifikasjon er ein obligatorisk og sentral del i NOARK - Standard for elektronisk arkiv.
Føremålet med bruk av arkivnøklar i elektroniske arkiv er mellom anna å

sikre at dokument som har blitt til som eit resultat av dei same aktivitetane
(prosessane) blir knytte saman
gi ein ekstra søkjeinngang til arkivmaterialet
sikre ei systematisk oversikt over alle behandla saker
vere eit utgangspunkt for forskjellige oppgåver som bevaring og kassasjon, statistikk, osb.

Papirversjonen av K-kodane vert gjeven ut i to utgåver - ein hovudnøkkel og ei kursutgåve. Det vert og gjeve ut ei elektronisk utgåve av K-kodar som nyttast i sak-/arkivsystemet i kommunane. K-kodane vert gjevne ut både på bokmål og nynorsk (hovudnøkkel).