Korleis lever dyr og menneske saman på ein gard?
Kvar kjem maten vår frå?
Og er det verkelig slik at dyr kan snakke?

«Josefine og dei andre dyra i Grasdalen» handlar om eselet Josefine, som saknar ein ven. Boka handlar om Trampe, rekordsauen som fekk 25 lam. - Og om Jacob, det vesle lammet som kom bort frå mor si.

I Grasdalen møter du også hundar, kattar, ekorn og fuglar. - Og anda Olivia, som bygde reir oppunder taket for å få vere i fred.

Men på eit større plan handlar boka òg om noko anna: å ta vare på naturen og ressursane våre, å skape gode vilkår for dyr og menneske på ein gard, å sjå på døden som ein naturleg del av livet, og - ikkje minst - å lære barn kvar maten kjem frå.

Som Kristin Vågene skriv: «Ein haust hadde vi besøk av ei småskuleklasse. Eg tok dei med ned i åkeren og viste dei kva vi hadde der. Eg drog opp potetris. Under riset var det mange poteter. Borna såg på med store augo til ein gut sa: 'Kven er det som har lagt alle dei potetene ned i jorda?'»

Bli med til Grasdalen og bli kjend med dei som lever der!
For meir enn nokon gong er det slik:
FOLK TRENG DYR OG DYR TRENG FOLK!

Kristin Vågene er utdanna hagebrukskandidat, og har vore tilsett i skuleverket sidan 1980. Saman med mannen Harald har ho drive garden i Grasdalen i over tretti år. Kristin er representert med tekstar i ulike antologiar og har skrive fleire lokalhistoriske bøker.