Vil du at hagen skal vere frodig og frisk, ein stad der blomar kjem kvart år av seg sjølv, der fuglar og insekt finn mat? Nøkkelen ligger under føtene dine. I ei lita skei med mold kan det finnast fleire levande vesen enn det finst menneske på jorda.<br/><br/>I Jordboka for hagen kan du lære om alt som skjer i molda, og om korleis du kan laga god mold, slik naturen sjølv lagar han. Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for grøn utvikling, og har lang erfaring med sin eigen hage. <br/>Han viser deg korleis hagen kan bli regenerativ: Ein stad er alt veks av seg sjølv, upåverka av tørke og regn. Du slepp å kjøpa kunstgjødsel og dyr «mold» som eigentleg er torv, du slepp å køyre vekk hageavfall. Hagen er kobla på det underjordiske nettverket der kanskje så mykje som 95 prosent av alle artar på jorda bor.<br/>