JØLSTER - BYGDA OG BREENNaturen, menneska og kunsten<br/>Jølster er ei innlandsbygd midt i fjordfylket Sogn og Fjordane. Bygda er vide kjent for vakker natur og eit rikt kulturliv.<br/>Brevandraren og naturfotografen Jarle Helgheim tar lesaren med på ei personleg reise gjennom historia og landskapet i Jølster, og viser kva som særmerker folkelivet og kunsten frå den kjende brebygda. Boka gir òg eit unikt innblikk i ferdsla på isbreane, og inneheld ein fyldig presentasjon av dei verkelege ekspertane på breen; dei såkalla patentførarane.<br/>Jølster - Bygda og breen er eit annleis praktverk, der fotografi, måleri, poesi og prosa til saman gir eit eineståande bilde av ei fascinerande kulturbygd omkransa av eit majestetisk naturlandskap.<br/>