STERKT OG SKJØRT OM Å LEITE ETTER OG OM Å MISTE SEG SJØLV
I Angelika Klüssendorfs kritikarroste oppvekstroman frå DDR møter vi ei namnlaus tenåringsjente. Ho er tøff og den raskaste i klassa i langdistanse. Jenta elskar bøker, kan fortelje historier og får dei andre til å le. Ho er forelska i ein eldre gut, akkurat som dei andre jentene.
Men jenta veks opp i ein familie i oppløysing. Mora orkar ikkje å vere mor, og den alkoholiserte faren er fråverande. Broren er for liten til å gi opp håpet om at ein dag skal alt bli betre. Jenta prøver å rømme frå det som omgir henne: familien sitt tyranni, dei systemtru lærarane, den autoritære staten.
I forfattaren Angelika Klüssendorfs litteratur møtest ytterpunkta, det sterke treff det svake, det støyande det stille. Jenta er skjør og samstundes brutal, historisk og aktuell.
Den norske utgjevinga er støtta av Goethe institutt.

Nominert til Deutscher Buchpreis 2011.
«Ein av dei mest radikale og rørande oppvekstromanane i det tyske språket. Ingen tvil: Jenta til Angelika Klüssendorf er ei heltinne for vår tid.»
ALEXANDER CAMMAN, Die Zeit