Den mystiske David har mista hukommelsen, og ei annonse oppfordrar gamle kjente til å skrive til han.
Det er fleire i hans omgangskrets som bestemmer seg for å svare. Med djup psykologisk innsikt og
rå, svart humor sirklar Tiller inn liva til David og brevskrivarane. Dermed gir han også eit rikt tverrsnitt av tida dei lever i, vår tid.
Dei tre bøkene i Innsirkling-trilogien er eit storverk i norsk litteratur. Gjennom ei rekke røntgenblikk på
relasjonane mellom menneske, på ulike tiår og miljø, har Tiller skapt eit usedvanleg rikt og komplekst
eventyr om det moderne Norge. Den siste brikka gir ikkje berre svaret; den vil óg snu opp ned på alt
du trudde du visste om David.