Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper, på kort tid har den raska med seg både Sproingprisen, Pondusprisen og Dagbladet sin teikneseriepris. I tillegg har Dunce-bøkene blitt utgjevne og lovprisa i både Frankrike og Sør-Amerika.

Impulskontroll er den fjerde Dunce-boka, også denne er fylt til randen av enkeltstriper, stripesekvensar og lengre seriar. Styve er i storform, både som teiknar og historieforteljar, bli med på ein biltur gjennom Noreg (med NAF Veibok fra 1989), Brego sine forsøk på å gå i vinterdvale, og den gripande sekvensen der Gustav eigenhendig tek ansvar for å redde regnskogen.

«Det gjev håp for heile bransjen at striper let seg fornye på denne måten som Styve har lukkast med.» - Trond Sætre, Serienett

Dunce vekslar mellom kvardagslege floker og djupe, eksistensielle kriser. Det heile er teikna og fortalt så morosamt, og så sårt, at ein knapt kan legge boka frå seg.

Skaparen bak Dunce er Jens K Styve, ein vestlending som etter kvart har blitt både austlending og nordlending. Stripa hans går dagleg i Klassekampen, og i ein heil del andre aviser og hefter.