Dikta i denne samlinga er henta frå Kjersti Wøien Håland (f. 1988) sin poesikalender på Instagram 2017 og 2018. Forfattarens del av salsinntektene blir donert til Alternativ Jul, som lyser opp juletida for dei som treng det mest.
Snø er det varmaste vêret
når han er kram under skoa
verda er stille men knirkar
som du snik deg ove
verdas lengste loft
på veg til eit hemmeleg
og magisk rom
«ikkje vekk dei vaksne»
kviskrar du
og snøen knirkar tilbake
«aldri aldri aldri»