Frå slutten av 1800-talet, og i meir enn hundre år, produserte ei mengd litografiske trykkeri etikettar som blei limte på milliardar av sardinboksar og sendt til kjøpelystne kundar over heile verda. Mangfaldet av etikettar, motivrikdommen og trykkvaliteten gjorde dei til attraktive samleobjekt for barn, unge og vaksne med. Nokre stadar utvikla det seg ein eigen kultur knytta til desse iddisane som var det lokale namnet på dei i Stavanger.<br><br>Boka tek deg inn i iddisane si verd og fortel både om hermetikkfabrikkar, trykkeri og ikkje minst det mangfaldet av iddisar som har blitt teke vare på av samlarar i fleire generasjonar.