<em>Hundre vegar heim</em> er ei samling med haiku kor Øystein Hauge prøver å fange det alle som har skrive haiku frå Basho si tid til no, prøver å fange: æva og augneblinken på ein gong. Og kor fangstreiskapane han nyttar er undring og varme, humor og lengt, intuisjon og nærvær. Vi sit kvar for oss, vi sit saman; vi er ved innsjøen, i skogen, på elva. Alltid heime og alltid på veg heim.<br><br/> <br><br/> Øystein Hauge (f. 1956) debuterte i år 2000 med diktsamlinga <em>Grønt</em>. Han bur i Romsdal ein stad.