På Kjøtteinen, sør for Leirvik på Stord, vart det starta opp ein sildoljefabrikk i 1919. Frå byrjinga av 1950-åra og til midten av 1970-åra blei skipsbygging den sentrale aktiviteten. Så bråstarta eit vidare liv som offshoreverft.

Denne boka fortel om korleis verksemda og dei tilsette på Kjøtteinen stadig har tilpassa og utvikla seg i møte med skiftande konjunkturar og eigarskap. Historia blir både sett frå leiar og tilsette sin synsstad, og i høve til produksjon, arbeidsmiljø og lokalsamfunnet.

Knut Grove, forskar I, historikar, NORCE Samfunn.

Martin Byrkjeland, frittståande historikar.

Trond Holmen Erlien, førsteamanuensis i arbeidslivshistorie, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.

Hans-Jakob Ågotnes, professor i kulturvitskap, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.

Eva-Marie Tveit, frittståande kulturvitar.