Ein Volvo Amazon køyrer inn og ut av fleire av novellene i samlinga og knyter saman menneske som på kvar sin måte strevar seg fram i livet. Her er gutar på plommeslang og halvgamle menn på bluesfestival, her er kjærleikssvik og kvinner som vaktar sine hemmelege liv. Og sjølvbiografien til Gro Harlem Brundtland, ført i pennen av ein hjelpepleiar ved Valen sjukehus.