Få veit at Hulda Garborg (1862-1934) skreiv 40 bøker, og enda færre har lese dei. Dei fleste kjenner henne betre som kona til Arne Garborg eller som folklorist. Dette er ein studie av ideologien i Hulda Garborgs skjønnlitterære forfattarskap, ein essayistisk samtale mellom ein notidslesar og eit hundre år gammalt forfattarskap. Kva meinte ho, kva ville ho, kven var ho?<br><br>Inspirert av Rousseau og Nietzsche peika Hulda Garborg ut ein annan retning i kvinnesaka enn den som har ført fram til dagens likestillingssamfunn. Finst det gløymde verdiar i den vegen me ikkje tok?