Om å bli igjen når alle andre drar.<br/> <br/>Andrea bur i utkanten av Europa, i ein halvt ungarsk, halvt serbisk by, der ho tar seg av mor si, sonen János og hunden Emma. Men ting er i endring i heimbyen. Mannen og dottera har flytta til Sverige, der sjansen for å tene til opphald for livet er betre. Avgjerda om å bu i kvart sitt land har tvinga seg fram av rein naud, og frustrasjonen ved å vere så langt frå kvarandre på ubestemt tid blir ein del av kvardagen. Er det i det heile realistisk å samle familien igjen, så lenge kampen for tilværet her og no et opp trua på framtida?<br/><br/>Med truverdige skildringar og språkleg kontroll lar Holvik oss komme tett innpå karakterane og miljøet og lar oss kjenne desperasjonen som mange i Europa dagleg kjenner på kroppen. «Ho er fri» er ei gripande livsskildring, smart tenkt og usentimentalt utført.