Framstillinga gjer greie for vilkåra for og rettsverknadene av hevd, slik desse følgjer av lov om hevd av 9. desember 1966 nr. 1.<br/>Innleiingsvis blir det gjort greie for dei rettspolitiske omsyna bak reglane og tilhøvet til overordna normer som Grunnlova § 105 og EMK første tilleggsprotokoll artikkel 1 om vernet av eigedomsretten.<br/>Ut frå det praktiske føremålet med framstillinga er det teke med eit kapittel om tilhøvet til andre liknande reglar og eit kapittel om prosessuelle spørsmål knytt til hevd.<br/>Hevd av rettsvern er ikkje regulert i hevdslova, men er teke med for samanhengens skuld. Læra om tålt bruk (precario) blir også handsama, sjølv om det er uklart om hevdslova fullt ut gjev det rettslege grunnlaget for læra.<br/>Boka er utstyrt med omfattande register over litteratur, lover, rettspraksis og stikkord, og er meint å vera à jour pr. 1. januar 2005.