Ingenting fungerer lenger. Klestativet står ikkje beint. Me manglar purreløk
i kjøleskapet. Ingen vil ta ut av oppvaskmaskinen. Det er gjennomført dårleg stemning.
Tida strekk ikkje til. Det vert verre og verre å skilje jobb frå privatliv. Det må jobbast natt
og dag, til og med i gravferda. Avstanden mellom Bergen og Oslo blir større og større.
Helse og omsorg vil heller ikkje ha noko med kvarandre å gjere. I tillegg skal det Pulast;
det går mange Steinras; Hells Angels kjem gjerne på besøk.
Ikkje rart Jon Hjørnevik har gått på ein smell.
No har han samla sitt bitre tankegods mellom to svarte permar.