Kvifor vart eit enormt slott bygt på ei fjellhylle lengst inne i Sognefjorden? Kven var det som kjempa for å koma hit, og kven vart sende hit utan å bli spurd? <br/>Tuberkuløse. «Galningar». Flyktningar frå Bosnia-Hercegovina. Huset er spekka med lagnader, dramatikk, død og kjærleik. Historier som er i ferd med å bli gløymde. Denne boka har fanga nokre av dei. Etter mange tiår med forfall er det håp om at folk på nytt kan sjekka inn. På Harastølen Hotell. <br/>Oddrun Midtbø (f.1964) er journalist og illustratør. Ho er frå Luster og har vakse opp med Harastølen.