«Eit bygdaspelmannsliv frå før tid vart pengar og fram til springleik i dongery og T-skjorte» ¿ det er emnet for denne lydboka. Det er den kjende spelmannen Hans W. Brimi frå Garmo i Gudbrandsdal som fortel, om folkemusikktradisjonar i heimbygda og andre stader, om spelmenn han har møtt, slåttane dei har spela og om sine eigne opplevingar frå kappleikar og ferder, i Noreg og i utlandet. «Hans med fela» let lesarane skjøna at norsk folkemusikk er meir mangfelt enn vi oftast trur ¿ kvart einaste distrikt i landet har sin eigen klang, sin eigen musikalske dialekt, seier Brimi.