På matbutikken tek me mange val. Berre ei heilt ordinær syltetøyhylle kan skapa hovudbry. Kva skal eg velja? Mat er næring, sosialisering, økonomi og arbeidsplassar, men mat òg ei rekke val: Kva er sunnast? Kva er mest berekraftig? Kva er rett pris å betale? Agronomen og matentusiasten Siri Helle gir lesaren møte med gjengangarar frå norske matbord og matbutikkar. Ho trekkjer fram vanlege produkt og diskuterer berekraft, dyrevelferd, marknadsføring og tilsetjingsstoff. <br/> <br/>Dette er ei bok som skal hjelpe lesaren til å bli ein bevisst forbrukar. Siri Helle er ei hjelp på handleturen. Etter å ha lese boka er det lettare å svare på spørsmålet: Kva er bra mat både for verda og meg?