Gjennom den tradisjonelle japanske diktforma haiku, fylgjer vi fjella gjennom livet.
Eller livet gjennom fjella. Dei ser ut som eventyr. Men draumen om fjella er sann.

Sklir over vidda
til ljoset ifrå i går
lyden av livet

Elin Sæteren og Silje Nygaard Holen er fjellentusiastar og småbornsmødre med ein stadig sterkare trong til å skrive dikt. Båe er i naturfaglege yrke, med utdanning fra Universitetet i Ås. Venskapet derifrå har sidan vorte halden i hevd med fjellturar, jakt- og fisketurar. Haiku om fjell er deira fyrste diktsamling.