Dei uåpna dørene

Eg dreg penselen uavlateleg over lerret og spør meg sjølv om kva som gøymer seg bak ljoset. Er det mørke eller endå meir ljos?

På fram- og baksida av dei tynne arka skriv eg dikt. Eg stryk ut det eine ordet etter det andre, medan eg er på leit etter orda eg trudde eg hugsa.

Eg kallar det røyndom, for berre den gode og trygge ståstaden for føtene er endå jorda, sjølv om eg alltid leitar etter nye uåpna dører.

Arnfinn