Gudstenestebok for Den norske kyrkja ¿ hovudgudsteneste inneheld alle liturgiske tekstar og all musikk liturgen treng til bruk i hovudgudstenesta. Her er melodiane til Allmenn serie 1¿3, ein serie for festtidene og ein serie for fastetida ¿ samt andre tekstar liturgen kan syngje eller seie i gudstenesta.

Gudstenestebokas hovuddel består av Ordning for hovudgudsteneste, med tekstar og melodiar til dei fyre hovuddelane i gudstenesta (Samling, Ordet, Nattverd, Sending). Ordning for dåp i hovudgudstenesta er og med, i tillegg til Tekstrekkje for bibelsk salme og Omkvede til bibelsk salme for kyrkjeåret ¿ samt Allmenne føresegner for hovudgudstenesta og Allmenne føresegner for dåp.

Gudstenesteboka inneheld også eit utval sentrale liturgiske tekstar på samiske språk og på kvensk.

Dette er ei flott bruksbok som gjer seg godt som «alterbok».