Graut av Lasse Skjønning Andersen

391,-

Kjøp

Grauten er tilbake!

Graut var på norsktoppen i hundrevis av år, men så vart grauten nesten borte frå kosthaldet vårt. No er grauten på full fart tilbake på tallerkenen. Og graut er mykje meir enn havregraut!
I Danmark har grautgründer Lasse Skjønning Andersen utvida forståinga vår av graut og viser at den er noko meir enn traust kvardagsfrukost. Skjønning Andersen har starta populære grautbarar i Danmark.
Med boka Graut, som har blitt ein suksess i Danmark, tar han no grautbølgja til Noreg.

Kva med byggraut med heil emmer, frisk pære, skyr, bringebær og rista valnøtter til sundagsfrukosten? Gulrotrisotto med emmentaler, sylta gulrøter og frisk persille til middag?
Eller pære- og fenikkelgraut med mørk sjokolade, hyllebærsirup og vaniljefløyteskum til dessert?

I denne lekre kokeboka får du ei enkel innføring i korleis variera og løfta grauten til nye kulinariske høgder, både til frukost, middag og dessert.
Boka inneheld 67 nyskapande oppskrifter og er flott biletlagt.

På lager391,-