Vi svever og flaksar
vi trallar og skvatrar

vi bur mellom greiner
og lågt under steinar

på bøen, ved sjøen
i våtmark og bypark

vi er små fine fly
mellom landjord og sky

«Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar» er ein fantasifull og leiken inngangsport til den nære og tilgjengelege norske fuglefaunaen for barn. Lisbeth Dreyer har tatt utgangspunkt i heilt vanlege fuglar som lever heilt vanlege fugleliv, men diktar fram morosame situasjonar på rim.

Boka formidlar stoffet på ein måte som både utfordrar, engasjerer og inspirerer barna til å legge merke til det yrande fuglelivet dei har rett utanfor døra si, på veg til barnehage og skule.

Per Ragnar Møkleby gjer fuglane personlegdom, men alltid fundert i korleis dei faktisk ser ut og lever i naturen - for at barn skal kunne lære om og kjenne att fuglane i boka.