Å gå er bra for helsa. Men av og til treng vi motivasjon for å gjere det rette. Difor sette Magne seg eit hårete mål då han i 2005 bestemde seg for å gå seg frisk - han skulle gå frå pol til pol, om ikkje reelt, så i distanse. Kvar dag snørde han difor på seg skoa, gjekk sine tilmålte kilometer og kunne krysse av på kartet at han no var komen fem kilometer lengre på veg sørover. <br/> <br/>Familien la sjølvsagt merke til denne gåinga. Og etter kvart vart dottera Elin interessert i ikkje berre kvifor han gjekk, men kvar han gjekk. Gjennom ti turar i indre Sogn år vi bli med ein kunnskapsrik mann og dottera på dei gode, kjende nærturane. Magne fortel om fylket som var, om verda, og om stadane han går forbi i Leikanger, Balestrand, Sogndal, Luster og Årdal. På vegen blir vi kjende med både han og Elin, og får høyre kvifor han gjekk som han gjekk.