<br/>Jernbane er meir enn parallelle jernskinner på kryss og tvers over vårt land og dei fleste land. Jernbane er ingeniørar og rallarar og kokker og bygging av banar i utilgjengelege landskap. Jernbane er gammal og moderne teknikk, frå damplokomotiv til flytoga. Jernbane er reiser, arbeidsreiser og Amerika-reiser i gamle dagar, besøket og turistreisa og interrailturen og syklinga med dresin på nedlagde spor i vår tid. Det er tunge avskilsstunder og gledelege møte, nye venner og nye opplevingar.<br/>Full rulle på norske spor av Bjørn Karsrud og Aud Søyland handlar om jernbanens historie, drift, teknikk, arkitektur, funksjon og framtid. Boka er skriven til 150-årsjubileet for norsk jernbane i 2004. Boka er mest for ungdom mellom ni og femten, men også for andre nysgjerrige.<br/>