Hydrofoilbåtar og snøggbåtar bygde på katamaranprinsippet, var ein revolusjon i samferdsla på sjøen og førte til slutten for dei tradisjonelle fjordabåtane.<br/><br/>I tida frå 1960 til 1986 var i alt ti hydrofoilbåtar i drift i Noreg. Sju av desse gjekk i Rogaland og Hordaland. I hovudsak var dette fartøy som gjekk for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD), Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) og seinare Flaggruten. <br/>Boka fortel hurtigbåthistoria mellom Stavanger og Bergen i tida frå 1960 til siste turen med Flaggruten i 2014.