«dirrer av nerve, spenning og overskudd ... om
to mennesker, som bare vil bli funnet, og elsket». Terningkast 6!
LINDA KLAKKEN, NATT & DAG

«genuint nytt om skam, lyst og soning»
BJØRN GABRIELSEN, DAGENS NÆRINGSLIV

«umulig å legge fra seg»
MARIA ÅROLILJA RØ, ADRESSEAVISEN

Etter ein skandale rømmer NRK-kjendis Allis Hagtorn frå offentlegheita. Ho finn ly i ein eldre trevilla ved fjorden, som hushjelp og gartnar
for Sigurd Bagge. Allis prøver å bygge seg opp att ved å føre eit enkelt liv, arbeide med jorda, lage mat, tenke. Men forholdet til Sigurd Bagge kompliserer det heile.

I Fugletribunalet har to menneske av ulik grunn trekt seg tilbake frå samfunnet. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Agnes Ravatn har skrive ei tett, intens og gripande forteljing om kjærleik og svik.