Eg som hadde trudd eg skulle vere åleine her, og så var det eit renn av folk!<br/> <br/>Og brått fekk eg igjen ei kjensle av at eg ikkje var åleine. Det er ikkje ei slik kjensle eg bruker å få, som regel veit eg når eg er åleine og når eg ikkje er det. Det var vel faktisk første gong eg hadde denne kjensla. Eg visste at i skogen skal ein stole på kjenslene sine. På instinkta og på dei indre røystene. Og ein skal sove lett, alltid med ei ladd børse ved sida av senga.