Alv Walgermos bok Frå Hernes til nytt på nytt er eit oppgjer med den skulepolitikken som har vore ført frå 1990-talet og til i dag. Forfattaren har arbeidd både som lærar og utdanningsdirektør i Møre og Romsdal. Han dokumenterer korleis reformer og styringstiltak har endra skuleverket radikalt - men ikkje til det betre: Skulen er blitt ein elev oppdratt av stat, fylke og kommune - det vil seie at politikarane er blitt vår nye lærarstand.<br>Frå Hernes til nytt på nytt er både ei kampbok og ei tilgjengeleg fagbok for alle som arbeider i og med norsk skule. Det er også ei bok for alle med interesse for skulen som vår viktigaste kulturinstitusjon. Siste del av boka handler om kva som må gjerast framover.<br>