Vinden rører seg gjennom årstidene.
Den som ser godt etter vil oppdaga fuglen som byggjer reir, biene sitt liv, makken som opnar jorda, epla når dei veks og livet i sjøen.
Blikk
Etter fyet ser eg eit skispor.
Eit for englar, trur eg
og eit for dei som driv omkring
her
og tenkjer i lange banar

på jorda og himmelen
og korleis alt heng saman.

Det vi kan sjå
er ikkje alltid det vi ser.

Diktet vil flyga,
vil ha reint papir
for det som skal skrivast.

Vil ha stille små blikk
der det verkelege kan hentast
fram.