Fleire spennande stikkvegar: No går turen til Hardanger, blant anna til flinke siderbønder langs Sørfjorden ¿ med klyngetun, fossefall og høge fjell i kulissene. Du får også vere med inn på eit av Norges eldste hotell. På andre sida av Folgefonna besøker vi vakre Baroniet Rosendal og slottets fantastiske landskapspark. Deler av turen er i fotspora til Nils Hertzberg, «Haukelivegens far».

I boka ser du også nye og gamle bilde frå strekninga Kongsberg¿Rjukan¿Haukeli. Både i Kongsberg, og mellom bratte fjellsider i Telemark, er det spennande industri- og kulturhistorie. Til slutt blir vi med brøytemannskapa på Haukelifjell.

Du kan også lese epilogen «Fra ridevei til kjørevei», signert Knut Baar og Geir Paulsrud. Begge har solid erfaring frå Norsk vegmuseum.

I tillegg til mange store og nye bilde, er boka krydra med gamle foto av Knud Knudsen, Axel Lindahl og Anders Beer Wilse. Desse var blant dei mest kjente landskapsfotografane i Norge.

Dette er Geir K. Hus si siste bok i trilogien om E134 Haukelivegen og stikkvegane mellom øst og vest. Tidlegare bøker: E134 Haukelivegen (2017) og Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen (2022). Hus har bakgrunn som pressefotograf, journalist og redaktør. Til dagleg arbeider han i Landslaget for lokalaviser (LLA).

Vegstrekningane i boka:
Låtefoss-Odda-Kinsarvik-Utne-Rosendal: Rv. 13 og fylkesvegane 550, 551 og 500
Kongsberg-Rjukan-Rauland-Haukeli: Fylkesvegane 40, 37 og 362.