Professor Else Mundal pensjonerte seg ved utgangen av 2012 etter meir enn 40 års engasjert verksemd innanfor norrøn filologi og mellomalderforsking. Dette vart markert med eit heidersskrift, og der det i samråd med Else Mundal vart valt ut tjue av hennar arbeid frå 1978 fram til 2008 og samla dei i ei bok. Utan å vere fullstendig dekkjande viser artiklane i Fjold veit honfr..a at forskinga til Else Mundal famnar vidt. I boka er det artiklar på norsk og engelsk om kvinner, born, samar, jotnar, dikt, namn, historieskriving, mytologi, lover, soger - og geita Hei.rún. Boka inneheld også ei fullstendig liste over Else Mundals publikasjonar frå 1972 og fram til 2012, eit register og ein Tabula gratulatoria.