I denne femte og nest siste boka om villheksa Clara, må Clara redde den siste ramnen i verda. For utan ramnar blir Clara berre ei heilt alminneleg villheks, ja kanskje ikkje det ein gong. I jakta på å redde ramnane må Clara legge ut på ei vill og farleg reise, kor ho sjølv må finne ut kven som er venn og kven som er fiende. <br/><br/>Fiendeblod er femte bok i serien om Clara. Villheksserien handlar om Claras kjærleik til dyr, og den harde kampen ho kjempar for å overleve som villheks, i ei verd der magi ikkje akkurat er barnemat.<br/><br/>Omsett av Øystein Rosse.