Rockemusikaren Alvin Evjo er på veg for å nå igjen ekskjærasten som han angrar på at han kasta ut av leilegheita i Bergen. Idet han set seg inn i den gamle Volvoen, ringjer faren. Edgar Evjo har gjeld til langt over pipa etter å ha vore involvert i eit mislykka hotellprosjekt saman med broren, Martin. Den litauiske mafiabossen Vanagas har gitt Edgar ein frist på to dagar til å skaffe 640 000 kroner. Men Edgar manglar betalingsevne. Like blakk er Alvin, men han tek likevel på seg å hjelpe faren. Utan aning om kva dei skal gjere, reiser dei heim til det gamle huset i Øystese. Først når Alvin får barndomskameraten Erik med på laget, lausnar det. Den tidlegare drapsdømde kameraten har ingen sperrer, og han har ein dristig plan.<br/>Ein hardangerkrim med torpedoar, smuglarsprit og tragiske familieløyndommar.