Ekstremisme utforskar ekstremismen i ulike former. Boka dekker spekteret frå høgre- til venstreekstremisme og syner kva som er ulikt og kva som er likt, og kva dei har felles med religiøs ekstremisme, på eit vis som er lett forståeleg. <br/> <br/>Når vi snakkar om ekstremisme meiner vi ulike ytterleggåande politiske og religiøse førestillingar og gjerningar, som terrorisme, og forsøk på å tvinge samfunnet til å endre seg i ei heilt ny retning. Gjennom ulike døme og forteljingar syner boka ulike sider av ekstremismen. Slik gir ho nokre svar på det vanskelege spørsmålet: Kva er ekstremisme? <br/> <br/>Mange unge menneske vil skape ei betre verd. Men korleis skapar vi ei betre og meir rettvis verd? Og kva middel kan vi nytte for å nå det? For dei fleste strandar det heile på kva som er realistisk å oppnå, og kor langt ein er villig til å gå for å nå målet. For nokre finnast det derimot ingen slike grenser - dei vil endre verda for kvar ein pris. Og det er desse som gjerne vert ekstremistar.