Øyvind Botn (1928¿2019) frå Stårheim i Nordfjord var både bildekunstnar og forfattar. Han begynte å skrive i konfirmasjonsalderen, og fekk tidleg tekstar på trykk i lokalaviser. På 1950- og 1960-talet var han ein flittig novellist i Magasinet for Alle, og gav i 1995 ut diktsamlinga Mellom dag og natt. På lausark og i kladdebøker arbeidde han med skrift og teikning heilt fram til siste leveåret.

Som kunstnar var Øyvind Botn heile 23 gonger med på Vestlandsutstillingen, første gong i 1953. Han var med på Høstutstillingen 1974, har hatt mange separatutstillingar og deltatt på mange kollktivutstillingar. Han er representert i Nasjonalmuseet.

Eit liv i kunsten er ei samling av dikta og novellene hans, sett saman av Mellom dag og natt, eit utval etterlatne dikt og fire noveller. Boka inneheld også sentrale måleri frå eit omfattande kunstnarskap, frå tida 1965¿2016.

Eit liv i kunsten har bidrag av Elisabeth Steen, Ove Eide og Morten Johan Svendsen.