På lag ein fjerdings veg frå heimen min ligg ein gard dei kallar Vindheim. Der har det vore skyss-skifte mange menneminne nedigjennom. Garden er vidgjeten nok, skulle eg tru - som no inkje under er, for utsyn så vilt og stort som der kan snautt nokon annan bustad i Noreg by maken til.