Skal ein skrive eller la det vere? Eg-et i denne samlinga reflekterer omkring sjølvmordet til den kjære, aldrande faren: «Eg held bilde. Eg held mange bilde. Ei mogeleg forløysing av ord. I det alt fell frå kvarandre.» Det oppstår eit rom her, gjennom det som glir frå <br/>kvarandre, som legg til rette for sansing og refleksjon. Minnebilete frå barndommen, naturen, reiser og stader knytte til farens død blir gjort levande i form av sterke poetiske fragment. <br/>