<p>Dikta i<em> Ein alvorleg sjukdom</em> fortel om eit eg som blir diagnostisert med livmorhalskreft. Vi følgjer henne frå ho får den vanskelige beskjeden, i møter med leger og gynekologar, i strålebehandling, cellegiftkurar og på rutinekontrollar, i nære relasjonar, på den krokete vegen mot å bli frisk. Gjennom direkte og undrande dikt får lesaren innsikt i ei gjennomgripande erfaring.</p>