eg veit ikkje korleis eg skal halde deg
vesle kvitrande fugl klistra til det nakne
brystet mitt
hendene mine er for store og klumsete eg
stolar ikkje på

Å bli far endrar poetens sjølvforståing, og vekker eit akutt behov for å gjere opp rekning. Heile livet har han brukt kunsten som ein måte å halde balansen på, mellom kunsten på eine sida og sjølvdestruktiv depresjon på andre sida. Men no står så mykje meir på spel. Han lever ikkje lenger berre for seg sjølv.