Eg er Anjuhimeko av Hiromi Ito

229,-

Kjøp

Hiromi Ito. (1955-) er fødd og oppvaksen i Tokyo. Sidan 1997 har ho vore fast busett i Encinitas, California og på Kumamoto, lengst sør i Japan. Ho debuterte i 1982, og har sidan det vore ei av dei viktigaste samtidspoetane i Japan. Diktproduksjonen hennar er nærare presentert i boka Ete pule drite føde drepe blø (dikt i utval, omsett av Ika Kaminka, H//O//F, 2016). <br/> <br/>Eg er Anjuhimeko er titteldikt i Ito si diktsamling som vart utgjeven i Japan i 1993. No, 24 år seinare, har vi i samråd med forfattaren valt å gi diktet ut som ei eiga bok, da det stikk seg ut i både stil og omfang. <br/> <br/>«Det at skriftas magi ligg i at den levandegjer og pustar liv i dei døde teikna og får ei framand røyst til å lyde i lesaren, er kanskje eit innlysande poeng, men det peikar likevel på det overskridande og forvandlande som litteraturen på sitt beste representerer.» - Sindre Ekrheim, Humbaba

På lager229,-