NORRØNE GUDEDIKT
“En etterlengtet begivenhet og en sann fryd å lese”, skreiv VG om 1. bandet av Knut Ødegårds trebands gjendiktning av eddadikta:
Eddadikta er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen. Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, gudelære og livsvisdom.
Medan 1. bandet inneheldt dei to mest kjende eddadikta, “Voluspå” og “Håvamål”, møter vi i band 2 dei øvrige gudedikta i denne eldgamle poesien som trygt kan kallast ein hjørnestein i kulturarven vår. Desse gudedikta som gjev unike innsyn i den førkristne religionen i Norden, er fulle av visdom, lærdom og jamvel barsk humor.

Gjendikting og kommentarar av Knut Ødegård.

Forord av Jon Fosse.