Ellevilt gjensyn med hovudpersonane frå klassikaren «Sveve over vatna». <br/> <br/>Munk, Waglen og Forteljaren møtest igjen etter 15 år. Waglen er blitt familiemann og videohandlar i Sogn med kannibalfilmar som spesialitet. Forteljaren er lektor og familiemann. Munk har arva eit småbruk, «driv med sau», held hund og har eigen nærradio. <br/> <br/>Når Munk vil ha den tilårskomne spelegjengen til å turnere, er det eit konsept som skal «seie noko om livet i Norge no [...] særleg no når det går mot eit tusenårsskifte». Men når Wartburg en med dei tre rullar ut på Autobahn, er det også for å finne att Munks ukjende son i Heidelberg. På vegen er dei innom både Dressmann og Theatercaféen og filosofisk-satiriske detaljkunnskapar om filmar, musikk og video. Korkje Hamsun, Caterina Valente, Bruce Willis, Helen Mirren, Karl Erik Harr, Shakespeare eller Helen Shapiro går fri.