23 av Dylan Thomas' dikt i gjendiktning ved Åsmund Bjørnstad, i anledning Thomas' 100-års fødselsdag.

Dette var skogane elva havet
der ein gut
i den lydande
sommaren til dei døde kviskra si sanne glede ut
til tre og steinar og fisken i båra.
Og i fuglar og vatn
var gåta
atter nær og nynnande.

Der kunne eg undra min fødselsdag
vekk, men veret slo om. Og den sanne
gleda til eit lenge dødt barn song glødande
i sola.
Det var mitt trettiande år
til himmelen, stod berre der med min sommardag,
om byen der nede låg bladd i oktobers blod.
Å må mitt hjartas sanning
igjen bli sunge
i høgdene her når eit nytt år flør.